Frå gamalt av var bøndane «mangesyslarar» – allsidige handverkarar som kunne både tømre og smi. Bondesmeden smelta og bearbeidde både jarn, kopar, messing og sylv. Men det var vanskeleg å utvinne råsylv, og fram til 1620-talet var messing (blanding av kopar og sink) mest brukt til smykke og pynt på t.d. drikkehorn eller brudekroner.
Dei fyrste profesjonelle sylvsmedane kom til Noreg og Telemark saman med tyske bergfolk på 1500-talet. Bergfolka var ikkje populære blant bøndane, og me veit ikkje kor mykje kontakt dei hadde. Nokre tyske smedar slo seg ned i Skien og var med på å danne sylvsmedlaug der.
I 1608 blei det ved lov (laugsordinansen) forbode å drive som sylvsmed utanfor byane. Men mange bondesmedar trassa forbodet. Dei som hadde heimfunna råsylv på garden heldt det hemmeleg, og sylvtøyet dei laga blei ikkje stempla, for ikkje å røpe den ulovlege verksemda.
Den fyrste namngjevne sylvsmeden i Telemark er Olav Graa i Kviteseid på 1600-talet. Me veit ikkje mykje om han, men han skal ha vore den fyrste til å smi sylv frå gruva i Kongsberg. Olav Graa var på rømen frå styresmaktene mesteparten av sitt liv; han laga også ulovlege myntar. I slutten av 1720-åra trassa to by-utdanna sylvsmedar lova og busette seg i Vest-Telemark.
Jens Erland (1677/87-1764) var utdanna i Københamn og kom via Skien til Kviteseid. Michel Mandt (1692-1766) var son av ein dansk-tysk sylvsmed i Kristiansand og slo seg ned i Vinje.
Både Jens og Michel fekk mange etterkommarar i Vest-Telemark, blant desse fleire gode sylvsmedar.
I monteren kan du sjå ting etter dei. Båe to er særs kjende for sine fine arbeid i avansert filigranteknikk – laga med ekstremt tynne sylvtrådar og små sylvkuler.